Velkomen til sommaren 2020!
Dette kan vera tidenes norske bubil-sommar 🙂 Dette har Voss Camping og Voss Herad tatt konsekvensene av.
Vi skal opprette ein bubil-parkeringsplass på skuleplassen ved Voss Ungdomsskule frå 22 juni til 12 august.
Dette skal vera ein ekstra oppstillingsplass for bubilar og campingvogner når Voss Camping elles er full, her vil det vera tilgang til straum, wc-tømming og vatn. Vi vil framleis tilrå alle som kan, å bruka eige wc/bad i vogner/bubilar for din eigen og vår tryggleik.
Prisen blir NOK 300,- pr natt inkl straum. Innsjekking skjer v/Voss Camping sin resepsjon.

Vi jobbar aktivt med Voss Herad og Voss Parkering om å etablera ein ny sentrumsnær parkeringsplass for bubilar.